page view image

Bodil Rørtveit // Korskirken // 03.09.2026

Informasjon
event image

Bodil Rørtveit tek hausten 2026 ut på ein soloturné med det kritikarroste vokalprosjektet sitt - ei konsertoppleving som omsluttar og rører ved noko djupt menneskeleg.

Med stemma som einaste instrument skaper Rørtveit vakker og stemningsfull  musikk utan ord, inspirert av hav, skog og vestlandsnatur. Gjennom live looping byggjer ho lag på lag med stemme, og formar eit heilt vokalorkester i sanntid. Resultatet er ei sjeldan konsertoppleving der publikum blir trekt inn i eit rom av nærleik, stillheit, og intenst nærvær. Saman med lyddesigner Thorolf Thuestad blir konserten løfta til ei omsluttande 360-graders surroundlydoppleving som viskar ut grensene mellom scene og sal. 

Våren 2025 debuterte Rørtveit som soloartist med albumet DJUPNA, eit kontemplativt og uttrykksfullt album. Albumet vart møtt med strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt, og blei utropt til eit av dei beste albuma i 2025 av anmelder Maja Skanding i Bergens Tidende. DJUPNA er ei søken etter ro, tilhøyrsle og det mest autentiske i mennesket – eit stille, men kraftfullt kunstnarleg statement.

No tek ho dette universet ut på scena. Med ei unik formidlingsevne og eit uttrykk som balanserer det sårbare og det storslåtte, inviterer Bodil Rørtveit publikum inn i ei oppleving som må kjennast – ikkje berre høyrast.


“Hun imponerer på sin nye soloplate (...) Lydbildet på «Djupna» består utelukkende av Rørtveits egen stemme. Som sanger har hun enormt register og enorm kontroll. Ved hjelp av loopmaskiner og gjenklang skaper hun et fullverdig lydbilde jeg mer enn gjerne dykker ned på dypet i.(…) Hvis det er én bergensmusiker jeg unner en større lytterskare, er det sanger Bodil Rørtveit.(...)” 

- Maja Skanding, Bergens Tidende, terningkast 5.


"A listening experience steeped in essential beauty - a sonic journey that echoes in the soul" (Mirco Salvadori, musikkmagasinet Rockerilla)

Bodil Rørtveit er kjend for si uttrykksfulle, sjangeroverskridande stemme og innovative musikalske konsept. Frå fengslande soloopptredenar med live elektronikk til hengekøyekonsertar og konsertar med store symfoniorkestre, utforskar ho kontinuerlig forbindelsen mellom menneske og natur, og skapar gjenklang hos publikum.


Dørene opnar 18:30. Konsertstart 19:00. Varighet ca 60 min. 

Konserten er støtta av Bergen Kommune, Vestland Fylkeskommune og FFUK. 


Musikkvideo Morgonskog: https://www.youtube.com/watch?v=mW9KcPQmlEI

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke