Bodil Rørtveit // Korskirken // 03.09.2026

page view image
Arrangementsdato

torsdag 3 sep 2026 19:00

Slutter torsdag 3 sep 2026 21:00
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Ordinær
Under 25
Ledsager
Krever gyldig ledsagerbevis
event image

Arrangementsinformasjon

Bodil Rørtveit tek hausten 2026 ut på ein soloturné med det kritikarroste vokalprosjektet sitt; Ei konsertoppleving som utfordrar, omsluttar og rører ved noko djupt menneskeleg.

Med stemma som einaste instrument skaper Rørtveit eit meditativt og improvisasjonsbasert lydlandskap utan ord. Gjennom live looping byggjer ho lag på lag med vokal, og formar eit heilt orkester i sanntid. Resultatet er ein sjeldan konsertoppleving der publikum blir trekt inn i eit rom av nærleik, stillheit, og intens nærvær. Saman med lyddesigner Thorolf Thuestad blir konserten løfta til ei omsluttande 360-graders surroundlydoppleving som viskar ut grensene mellom scene og sal. 

Våren 2025 debuterte Rørtveit som soloartist med albumet DJUPNA, eit kompromisslaust, kontemplativt og uttrykksfullt album. Albumet, som berre nyttar vokal som uttrykksmiddel, vart møtt med strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt, og fekk mellom anna terningkast 5 i Bergens Tidende. DJUPNA er ei søken etter ro, tilhøyrsle og det mest autentiske i mennesket – eit stille, men kraftfullt kunstnarleg statement.

No tek ho dette universet ut på scena. Med ei unik formidlingsevne og eit uttrykk som balanserer det sårbare og det storslåtte, inviterer Bodil Rørtveit publikum inn i ei oppleving som må kjennast – ikkje berre høyrast.

Dørene åpner 18:00. Konsertstart 19:00. Varighet ca 60 min. 

Konserten er støtta av Bergen Kommune, Vestland Fylkeskommune og FFUK. 

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke

Organizer
Syv mil produsenter