Taal
Help
© TicketCo AS 2024.
Juridische voorwaarden voor ticketkopers
Juridische voorwaarden voor organisatoren
Velkommen til stemningsfull julekonsert i vakre Mariakirken.
Bodil Rørtveit har med seg musiker Sigbjørn Apeland og et eige prosjektkor.
“Det var ein veldig fin konsert i Mariakirken! Variert med vakker solosang, nydelege klangar frå prosjektkoret, ein pianist / organist som lytta samstundes som han akkompagnerte , fine scenebilde i den gamle kyrkja, gode overgangar og lett og naturleg leiing. Den finaste julekonserten.” (publikummer julekonsert 2023)
Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull songar med stor stemme. Ho krysser gjerne sjangergrenser frå folkemusikk til kunstmusikk og improvisasjon, og lagar vokalorkester med sin Loop Station. Ho skapar konseptuelle musikk- og scenekunstprosjekt, blant anna i samarbeid med Festspillene i Bergen, Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger symfoniorkester. Vinteren 2025 slepp ho sitt første soloalbum. Singelen "Stjerneteppe" sleppast i desember 2024 og skal framførast på julekonserten.
"Bodil Rørtveit har en stemme med fantastisk klang." (Charlotte Myrbråten, Norsk Shakespearetidsskrift 2023)
Sigbjørn Apeland har vore ein stilskapar innanfor faget sitt som organist og pianist i Noreg og internasjonalt. Han har medverka på nærare hundre album innan fleire sjangrar der improvisasjon alltid er sterkt til stades. Han jobbar i grenseland mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk.
Gå inn i juletida med ei kjensle av ro, tilhøyrighet og håp.
Billettavgift er inkludert i billettpris.
“Takk for nydeleg konsert, det var ei sjeleleg oppleving.” (publikummer julekonsert 2023)